Bruktklebutikken Sarepta

I Filadelfia sine gamlelokale i Bjørndalvegen 19 har vi etablert bruktklebutikken Sarepta. Den hadde oppstart 1. november 2017 og vart eit kjærkome tiltak i bygdebyen vår.

19. september 2019 braut det ut brann i lokala. Ingen vart skada, men dei innvendige skadane var såpass store at butikkdrifta vart avvikla. Ei omfattande oppussing av hovudetasjen vart starta i 2020, og no framstår lokala som heilt nye! Vi har eit fantastisk team av frivillige som står på, og teamet vert leia av Anita Høyvik. 

Vi tek i mot kle, sko, vesker, belter, smykker m.m. for vidare sal, eller som hjelpesending til Open Heart sitt misjonsarbeid i Ukraina (Hallvard Hasseløy).
- Alt skal vere reint og fint, det skal vere kle og sko som du kan tenke deg å bruke sjølv. 


Korleis og kvar kan du levere brukte ting?

Du kan levere kle i opningstidene til Sarepta:

  • Torsdagar kl. 11-16
  • Fredagar kl. 11-16
  • Laurdagar kl. 11-15

Du kan også gjere annan avtale ved å ta kontakt med Anita (901 97 614). 


Kontaktinfo

Bjørndalvegen 19
6065  ULSTEINVIK   

Tlf.:      901 97 614, Anita Høyvik

Drifta av Cornerstone