Jesus til alle,
frå ei meinigheit som vil dele ut sjenerøst,
både åndeleg og timeleg,
ved å skape ein blomstrande oase
for alle generasjonar.
Jesus i sentrum - #jesusisentrum
Vi vil vinne menneske for Jesus.
Med kjærleik, tru og frimod deler vi evangeliet, slik at flest mogleg får møte nåden og livet i Kristus.
Vi vil bevare menneske i trua.
Gjennom fellesskap, omsorg og forankring i Guds ord hjelper vi menneske å vekse og bli ståande i livet med Jesus.
Vi vil utruste alle generasjonar.
Ved opplæring, disippelgjering og praktisk teneste utrustar vi kvar einskild til å leve heile livet for Gud – i kvardag og teneste.
Vi vil sende ut disiplar.
Lokalt, nasjonalt og globalt sender vi menneske ut i teneste, utrusta til å dele Jesus med ord og handling.
Vi arbeider etter dei fire B‑ane slik dei kjem til uttrykk i Apostelgjerningane 2;
Brorskap - Bønn - Brødsbryting - Bibel
Desse dannar grunnlaget for livet i meinigheita vår, og er utgangspunktet for den nye logoen som Ingrid Øvrebøe har designa;
Vi vil vere eit inkluderande og omsorgsfullt fellesskap.
I brorskapet delar vi liv, glede og utfordringar. Vi står saman, ser kvarandre og ber kvarandre – på tvers av alder og livssituasjon.
Vi vil vere ei bedande meinheit.
I bønn søkjer vi Gud, deler byrder, takkar for det han gjer og lyttar etter hans leiing. Bønn er grunnlaget for alt vi gjer – både som enkeltmenneske og som fellesskap.
Vi vil leve i takksemd og fellesskap kring Jesu verk.
I nattverden og måltidsfellesskapet minner vi kvarandre om Jesu offer, nåden vi lever av, og det fellesskapet vi er kalla inn i.
Vi vil leve rotfesta i Guds ord.
Bibelen er rettesnor for tru, liv og forkynning, og hjelper oss å bli forma til likskap med Jesus. Gjennom undervisning og personleg bibellesing søkjer vi sannheit, visdom og retning for kvardagen.