Onsdag 21. oktober kl. 18:30 blir det fakkeltog i Fosnavåg til støtte for forfølgde kristne. Gjennom fakkeltoget viser vi solidaritet med trusysken som opplever motstand, diskriminering og forfølging på grunn av trua si.
Oppmøte ved parken i Fosnavåg sentrum kl. 18:30, før vi går gatelangs opp til samling i Herøy kyrkje kl. 19:30.
Årets tema: Kristne som må møtast i skjul.
Du kan lese meir om arbeidet og fakkeltoga på nettsida til Åpne Dører og på https://www.fakkeltog.no
Vi håpar mange vil vere med og markere engasjementet for religionsfridom og støtte til dei som betaler ein høg pris for trua si.