Søndag 1. november og søndag 8. november kl. 11 er du hjartevarmt velkomen til fellesskap i Filadelfia, og vi gleder oss til to søndagar med god bibelundervisning med Ingrid Øvrebøe.
Ingrid har eit sterkt engasjement for tru og liv, noko som speglar seg i den reisa ho har vore på dei siste åra. I 2023/2024 fullførte ho eitt års bibelstudium med YWAM i Cape Town. Tidlegare har ho også fordjupa seg i tema rundt tru og identitet gjennom studiet Northstar: Applied Perspective of Biblical Sexuality ved University of the Nations på Hawaii.
Ingrid er ein sprudlande og kunnskapsrik person med Guds ord i ryggmargen. Ho har hatt Filadelfia Ulsteinvik som sin åndelege heim heile sitt 29-årige liv, er aktiv i lovsongsteamet vårt og har eit brennande hjarte for bønn. Ingrid har ei eiga evne til å formidle både glede og innsikt.
Søndag 1. november vert det også høve til nattverd.
Velkomen til to inspirerande søndagar - håper vi ser deg der! Kyrkjekaffi og fellesskap etter gudstenesta.